Mange av barnehagane i Sunndal kommune brukar allereie biblioteket. Det tykkjer vi er fantastisk. Vi vonar at fleire av dykk skal oppdage oss og kome på bibliotekvitjing med borna. Vi ynskjer å vere ein arena der borna kan få gode opplevingar i møte med bøkene, og introdusere dei for magien som finst i bøker. Tidleg språk- og lesetrening for barnehagebarn er både viktig og morosamt.
Godt utval
Barnehagar er alltid velkomne til biblioteket innanfor opningstidene til biblioteket. Vi har eit godt utval biletbøker, ein både kan kose seg med og lære av. I tillegg har vi lagt til rette for dei som ynskjer teikne eller leike med dyrefigurar.
Førebuing
For at borna skal få best mogleg utbytte av ei vitjing til biblioteket, er det fint dersom dei er førebudd på kva dei møter når dei kjem hit. Tak gjerne ein prat i barnehagen om at det på biblioteket er mange bøker dei kan sjå i, og eventuelt låne med til barnehagen. Forklar borna at bøker ikkje er leiketøy og fylg opp dette når de kjem til oss.
Lånekort og lånetid
Alle barnehagar og eventuelt dei ulike avdelingane kan få eige lånekort. Det er viktig at vi får informasjon om korrekt kontaktperson og e-postadresse.
Les meir om lån og lånekort
Lesestund
Vi organiserer gjerne til ei lesestund for dykk til vitjinga. Tak kontakt for å avtale dette nærmare. Vi kan tilpasse tekst og tema etter ynske.
Vitjing til barnehagane, på foreldre- og personalmøte
Barnehagane kan få vitjing av ein av dei tilsette der vi har lesestund, fortel om tilboda til biblioteket, om leselyst og mykje meir. Dette kan vi gjere for ei barnegruppe, for tilsette eller på eit foreldremøte.
Send inn skjema for å avtale vitjing