Somme tider er det godt å få hjelp og rettleiing med leksene. Eller berre gjere dei saman med nokon andre. På biblioteket kan du få hjelp til leksene to dagar i veka.
Leksehjelpa skal vere ein møteplass der du kjenner på meistring, motivasjon og godt læringsmiljø. På leksehjelpa møter du dei tilsette på biblioteket som vil stø deg i arbeidet med leksene.
For 5.–7. klasse kvar måndag kl. 14–15
For 3.–4. klasse kvar tysdag kl. 14–15
Leksehjelpa fylgjer skuleruta. Ynskjer du å vete meir om tilbodet, kan du kontakte biblioteket.
Finn ut når neste leksehjelp er