Biblioteket har lisens til å syne film og det gjer vi i Keila på Sunndal kulturhus. Gjennomføring og val av film er det ein eigen filmkomité som står for, og i denne komiteen kan alle som vil bli med.
Vi viser film i to sesongar kvart år: februar–juni og september–desember. Program blir lagt ut i forkant av ny sesong.
Vil du vere med å velje filmane vi skal syne, kan du komme med forslag til oss ved å vitje biblioteket, Fjesbok-sida vår eller bli med i filmkomiteen. Tak kontakt for å melde interesse!
Filmane vi er lisensiert til å syne finn du på Filmrommet.no.
Fyrste måndag kvar månad kl. 19.30 | Keila, Sunndal kulturhus
Program