Korleis er bærekraftsmåla relevante for deg?

Bærekraftmål 13 stoppe klimaendringeneIngen kan gjere alt, men alle kan gjere noko. DIN innsats er også viktig i lokalsamfunnet sitt bidrag for å nå FN sine bærekraftsmål. No kan du lære om korleis bærekraftmåla er relevante i arbeidsdagen og i kvardagen vår, i eit e-læringskurs som Møre og Romsdal fylkeskommune har laga. 

Sunndal er bærekraftkommune

FN sine bærekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringene innan 2030. Regjeringa har forplikta Norge til å arbeide for å nå bærekraftsmåla.

I 2020 gjorde Sunndal kommune vedtak om å bli bærekraftkommune. FN sine bærekraftsmål blir lagt til grunn i den kommunale planlegginga. Alle måla i kommuneplanen, det overordna styringsdokumentet i Sunndal kommune, er kobla til bærekraftsmåla.

Alle kan bidra

-For å nå desse måla, må vi ha med bærekraftperspektivet i alt vi gjer - ikkje berre i kommuneorganisasjonen, men i heile lokalsamfunnet, seier klima- og miljørådgjevar i Sunndal kommune, Line Nygård.

-Det kan difor være nyttig å ta ein individuell gjennomgang av kva dette kan bety på arbeidsdagen og i kvardagen, og kvifor det er relevant for oss, fortsett Line.  Vi anbefaler alle som vil lære meir om bærekraft og bærekraftsmåla, om å ta e-læringskurset som Møre og Romsdal fylkeskommune har laga.​​​​

e-læring om bærekraft 

Møre og Romsdal fylkeskommune har laga eit e-læringskurs om FN sine bærekraftsmål, som er for alle interesserte. Kurset vil gje ei grunnleggande innføring i kva bærekraftig utvikling er og korleis det er relevant for oss i Møre og Romsdal.

Kurset består av 8 leksjonar som kvar tek omtrent 5 minutt å gjennomføre.

Ta e-læringskurs om bærekraft (mrfylke.no)

Meir om bærekraft

Sjå infoside om bærekraft i Sunndal kommune

FNs bærekraftsmål