Sunndal kommune kandidat til nasjonal jordvernpris

Kornåker på Grødal - Klikk for stort bildeFylkesmannen i Møre og Romsdal har foreslått Sunndal kommune som fylket sin kandidat til nasjonal jordvernpris. Prisen skal bidra til å auke merksemda om jordvernet, særleg i kommunane og fylkeskommunane, og få fram gode idear og eksempel på tiltak, planar og strategiar, for å ta vare på dyrka mark. Prisen blir delt  annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune.

Etter ei samla vurdering har Fylkesmannen foreslått Sunndal kommune som kandidat til nasjonal jordvernpris frå Møre og Romsdal. Utdrag av grunngjevnaden er som følgjer;

- Sunndal kommune har ein høgt kompetent landbruksfagleg administrasjon som er ein viktig premissleverandør og bidragsyter både for politikarar, matprodusentar, landbruksorganisasjonar og ålmenta

- Sunndal kommune har gjennom samarbeid med landbruksnæringa utarbeida ei landbruksplan som skal sette fokus på utfordringar, behov og moglegheiter for næringa i kommunen. Landbruksplana skal vidare vere eit verktøy for å lage gode lokale tiltak som skal bidra til vidareutvikling og fornying av landbruksnæringa. Første plana vart vedteken i 2004, og har vorte rullert to gongar, siste versjon vedteke i kommunestyret 24. oktober 2018.

- Landbruksplana har gjeve tydelege føringar for rullering av kommunenplanens arealdel. Fylkesmannen hadde ingen motsegn til arealbruken jamfør jordvern- og landbruksinteressene ved offentlege ettersyn i 2018.

- Til å vere ein mellomstor kommune i Møre og Romsdal, så er omdisponering og nedbygging av dyrka mark særs liten, og landbrukets næringsareal vert prioritert høgt ved arealbrukskonflikter.
 

Sjå meir informasjon om jordvernprisen på fylkesmannen si side.

Kontaktinformasjon

Marit Hjellmo
Fagkonsulent jordbruk
E-post
Mobil 901 01 449

Åpningstider

Service- og informasjonsavdelingen

Mandag-fredag: 10.00 - 14.00

Rådhuset

Mandag–fredag: 08.00–16.00 (15.00 sommer)

Sommer- og vintertid

Sommertid: 1. mai - 31. august

Vintertid: 1. september - 30. april

Adresse

Postadresse
Postboks 94, 6601 Sunndalsøra

Besøksadresse
Sunndal rådhus, Romsdalsvegen 2, Sunndalsøra