Status vaksinering veke 7 og 8

Vaksinekoordinator Gunn Inger ReitenDenne veka blir det sett 102 dosar totalt, og for veke 8 har kommunen kun fått Pfizer-vaksinar til å vaksinere dei som skal ha andre dose. Men ein gladnyhet er at den første leveransen av AstraZeneca-vaksinen kjem i neste veke, denne skal kun gå til prioritert helsepersonell. 

Denne veka (veke 7) har kommunen fått 17 vaksineglas av Pfizer-vaksinen, som tilsvarar I02 dosar. Vi er no godt i gang med dei eldste i gruppa over 75 år, og dei det gjeld har fått innkalling med time i posten til vaksinering torsdag og fredag.

Når det gjeld Pfizer-vaksinen, har FHI dei siste vekene sendt ut vaksiner frå beredskapslageret sitt, slik at kommunane har fått litt fleire dosar. Dette lageret har no kun att vaksiner til dei som skal ha andre dose komande veke (veke 8). Desse er allerede kalla inn. Det blir altså ikkje sendt ut innkallingar til nye personar i veke 8.

Første leveranse av AstraZeneca-vaksinen

Onsdag kveld denne veka fekk kommunen melding om at vi i neste veke (veke 8) også får ein leveranse av AstraZeneca-vaksinen, tilsvarande 100 vaksinedosar. Desse skal kun gå til vaksinering av helsepersonell.

- Dette syner kor uforutsigbar planlegginga er når det gjeld vaksinering, og kor korte fristar det er, seier vaksinekoordinator Gunn Inger Reiten. Men vi er veldig glade for å få fleire vaksinar, og at vi no kan ta såpass mange fleire av prioritert helsepersonell.

Ikkje klart korleis vaksinering etter vinterferien blir

Kommunen veit foreløpig ikkje meir om distibusjon av vaksinar etter vinterferien. Vi startar med innkalling av nye personar (av dei eldste i gruppa 75+) for veka etter vinterferien så snart vi får varsel om dette.

Skulle nokon ha spørsmål knytta til vaksinasjon, ta kontakt på vaksinasjonstelefonen, tlf 901 59 512, som er åpen kvardagar kl 0900–1500.

Kontaktinformasjon

Gunn Inger Reiten
Konsulent
E-post
Mobil 902 80 422
Vaksinasjonstelefon
Mobil 901 59 512

Åpen hverdager kl 09.00–15.00