Status vaksinering veke 6

KoronavaksineVaksineringa går sin gang, og denne veka blir det etter planen sett 132 vaksinedosar torsdag og fredag. Ei gruppe på vel 40 personar får dose 2, mens resterande går til eldre i gruppa eldre over 85, nokon i gruppa over 75, og noko til prioritert helsepersonell.

Dei eldste blir prioritert

Av prioritert helsepersonell er det no vaksinatørane som står for tur. Det er kommuneoverlegen som besluttar prioriteringa i Sunndal kommune, i samråd med helsesjef og kriseledelsen. Det er mange som no ønsker, og har gode grunnar, til å få vaksine. Men kommunen er fortsatt tydeleg på at det er dei eldre som har høgast prioritet, og at ein vil måtte gjere fortløpande vurderingar og strenge prioriteringar blant helsepersonell også framover.

Eldre over 85 år som ikkje har vorte kontakta, kan ta kontakt

Etter denne veka er dei aller fleste i gruppa over 85 vaksinerte. Nokon har av ulike grunnar måtte utsette vaksinering, og blir kalla inn seinare. Dersom nokon over 85 år fortsatt ikkje har vorte kontakta av kommunen, kan dei ta kontakt på vaksinasjonstelefonen.

Vaksinering framover

I neste veke er det varsla at kommunen vil få 17 vaksineglas (I02 dosar). Vi kjem da i gang med dei eldste i gruppa over 75 år, og dei det gjeld vil få innkalling med time i posten.

Det er fortsatt Pfizer-vaksinen som blir levert hit, og det er foreløpig ikkje lagt opp til at kommunen får av dei andre vaksinetypane, som no begynner å komme til landet.

Opplegget for vaksinering i Sunndal kulturhus fungerer godt, der er det god plass for parkering på kulturhusplassen, og personell i lokalet sørger for at alle kjem seg trygt på plass.

Vaksinasjonstelefon

Skulle nokon ha spørsmål knytta til vaksinasjon, er det mogleg å ringe vaksinasjonstelefonen med telefonnummer 901 59 512, som er åpen kvardagar kl 0900–1500.