Status vaksinering veke 15

Klikk for stort bildeVaksinekoordinator Gunn Inger ReitenDenne veka blir det sett rekordmange vaksinedosar ved Sunndal kulturhus. Vi har mottatt 222 dosar av Pfizer-vaksinen, og det blir vaksinasjon i kulturhuset torsdag og fredag. Dei aller fleste blir sett på eldre i gruppa mellom 65 og 74 år, i tillegg til nokon personer mellom 18 og 64 år med sjukdommar/tilstander med høg risiko for alvorleg forløp (gruppe 4 i FHI si prioritering).

Gruppa mellom 65 og 74 er ganske stor, så det er fortsatt mange igjen i denne aldersgruppa og det vil fortsatt ta fleire veker før alle får innkalling.

Dersom nokon over 75 år fortsatt ikkje har vorte kontakta av kommunen eller fått innkalling til vaksinasjon, kan dei ta kontakt via vaksinasjonstelefonen.

Vaksinasjon framover

Det er foreløpig berre Pfizer-vaksinen som blir brukt i Sunndal.  Neste veke går leveransen av vaksinen litt ned igjen, og vi får i underkant av 200 dosar, men om to veker får vi over 250 vaksinedosar.

-Det er positivt og betyr at vi kan halde tempoet oppe, sjølv om vi også må bruke ein god del av desse på dose 2 etterkvart, sier vaksinekoordinator Gunn Inger Reiten.

Lenger fram enn dette veit vi foreløpig ikkje korleis leveransane blir, eller om det kjem andre vaksinetypar etterkvart.  -Vi kan ikkje gjere anna enn å forhalde oss til det helsemyndigheitene besluttar om vaksinetypar, fordeling av vaksiner eller andre prioriteringar, sier Reiten.

 

Pr. veke 15 har om lag 1400 personar fått første vaksinedose, vel 400 er fullvaksinerte

Les mer om vaksinasjon i Sunndal her.