Alle som skal vaksinerast denne veka har fått innkalling, og det er lagt opp til vaksinasjon i Sunndal kulturhus. Der vil det være mogleg å parkere på kulturhusplassen. Pårørande eller ledsagar kan dessverre ikkje være med inn i vaksinasjonslokalet. - Vi må følge strenge smittevernreglar, og kan ikkje ha for mange i lokala, seier vaksinasjonsansvarleg Gunn Inger Reiten.
Det er berre dei som skal få vaksine veke 3 som har fått innkaling. Det er ikkje snakk om så veldig mange, sidan kommunen mottar begrensa med vaksiner foreløpig. Så blir fleire i gruppa «eldre over 85» kontakta for vaksinering i vekene framover. Det vil sannsynligvis ta fleire veker før alle i gruppa over 85 år blir vaksinerte, avhengig av kor mange vaksinedosar vi får kvar veke framover.
Alle vil bli kontakta direkte, i veka før vaksinasjon er aktuelt for dei. Det er altså ikkje grunn til bekymring for den som ikkje har hørt noko enda.
Skulle nokon likevel ha spørsmål knytta til vaksinasjon, åpnar vi no ein eigen vaksinasjonstelefon, med telefonnummer 901 59 512 som er åpen kvardagar kl 0900–1500.
Finn meir informasjon om vaksinering i Sunndal kommune her.