Registrering av framande, skadelege planteartar i kommunane

Fylkesmannen har i samarbeid med Fylkesmannen i Trøndelag laga ein nettstad for registrering av framande, skadelege planteartar, der alle kan bidra med å legge inn informasjon om framande planteartar. Kunnskap om kva for framande planteartar som veks i kommunen, og ikkje minst kor førekomstane er, vil vere nyttig i kommunen sitt arbeid med å hindre vidare spreiing av desse artane.

Korleis registrere?

Nettstaden kan opnast mellom anna på smarttelefon (med tilgang til internett). Her kan ein ved hjelp av telefonen sin GPS legge inn registreringa på kart. Ein kan velgje art og legge inn foto. Kart med registreringane finn ein på nettstaden nedanfor:

Kartlegging av framande skadelege planteartar i Trøndelag og Møre og Romsdal

På denne nettstaden finn ein også lenka til registreringsverktøyet. Registreringssida kan lagrast som favoritt på telefonen (og på nokre telefonar også på startsida) og da blir det enkelt å ta den opp når ein treng den.

Kvifor kartlegge?

Kunnskap om kva for framande planteartar som veks i kommunen, og ikkje minst kor førekomstane er, vil vere nyttig i kommunen sitt arbeid med å hindre vidare spreiing av desse artane. Registrering med mobiltelefon vil gjere arbeidet med å få ein oversikt over dei framande artane lettare.

Spørsmål?

Marte Westad hos fylkesmannen kan svare på tekniske spørsmål.

Ta kontakt på tlf. 71 25 84 25 eller e-post: marte.westad@fylkesmannen.no