Hausten 2021 vart det gjennomført eit vellykka forsøk med klorbehandling, og på bakgrunn av dette har Mattilsynet i samråd med Miljødirektoratet konkludert med at det samla sett er størst moglegheit for å lykkast med å utrydde parasitten dersom det blir iverksett fullskala behandling i smitteregionen frå 2022.
Mattilsynet har ikkje tatt stilling til valg av kjemisk middel for gjennomføring av behandling i dei enkelte vassdraga.
Det er statsforvaltararen som er ansvarleg for å gjennomføre behandlinga, og som no må søkje om å kunne gjennomføre slik behandling, og planlegge denne.
Les meir om varselet og bekjemping av gyro i Drivaregionen her.