Kulturtilskot for 2023 fordelt

Teknikk,- miljø- og kulturutvalet vedtok i møte 19. april fordeling av kulturtilskot for 2023. Nær 1,5 mill. kroner er fordelt til ulike formål som prosjekttilskot, aktivitetstilskot og ulike driftstilskot.

Midlane er fordelt mellom formåla som følgjer:

Prosjektmidlar - 216 000 kroner
Aktivitetstilskot - 160 000 kroner
Driftstilskot kulturbygg/forsamlingshus - 650 000 kroner
Driftstilskot ikkje-kommunale anlegg - 470 000 kroner
Totalt  - 1 496 000 kroner
 

Sjå  oversikt over kven som har fått tilskot (PDF, 372 kB).

Her kan du finne sakspapira som er grunnlag for fordelinga.

Vedtaksbrev vil bli sendt ut i veke 21.