Endring i rutetidene på Kvanne-Rykkjem frå 24. april

Klikk for stort bildeFerge Kvanne-RykkjemFrå 24. april blir det færre avgangar i sambandet Kvanne-Rykkjem. På grunn av auka utvasking av sjøbotnen på Rykkjem ferjekai, må ferja bruke mindre motorkraft og lågare fart for å legge til kai. Ferja vil derfor bruke lenger tid over fjorden, med den konsekvens at det blir færre avgangar. Dei nye rutene vil gjelde ut juni. Merk at rutetidene er noko endra frå 5. mai i forhold til det som først var annonsert.

Dei nye rutetidene er tilpassa avgangstidene for bussane som trafikkerer sambandet.

Endring - noko fleire avgangar frå 5. mai

Etter dialog med Surnadal og Sunndal kommunar og Hydro, blir overfartstida noko redusert og rutetidene endra fra 5. mai. Det blir åtte fleire avgangar - to på morgonen, to på ettermiddagen og fire på kvelden.

Rutetidene for Kvanne-Rykkjem som gjeld frå 5. mai til 30. juni.
 

Les heile saken frå fylkeskommunen: 

Dykkarinspeksjonar har kartlagt at utvaskinga av sjøbotnen på Rykkjem ferjekai aukar. Frå laurdag 24. april får sambandet lengre overfartstid, slik at ferja kan bruke mindre motorkraft og lågare fart for å legge til kai. Det skal minske belastninga på sjøfyllinga fram til ho er sikra. 

- Vi har kontroll på situasjonen, men det er nødvendig med mindre belastning for å stoppe utviklinga. Om vi ikkje gjer det kan vi i verste fall få ei langvarig stenging av sambandet og det er det ingen som ønskjer, seier prosjektleiar Hallvard Rangnes i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Færre avgangar

Konsekvensen av at ferja skal bruke lengre tid over fjorden en periode er at det blir færre avgangar i sambandet. Møre og Romsdal fylkeskommune er allereie i gang med utbetring av kaia på Rykkjem. I tillegg startar første del av sikringa på Kvanne ferjekai i juni. Perioden med færre avgangar i sambandet vil vare ut juni. 

Normale ruter i juli

I juli blir det igjen vanleg rutetilbod i sambandet. I august startar sikringa av sjøbotnen på Kvanne ferjekai som gjer at det er nødvendig stenging av sambandet frå kl. 21 i tre veker. Når dette arbeidet er ferdig, har begge kaiene blitt betydeleg utbetra.  

Folk skal fram

Møre og Romsdal fylkeskommune har jamlege dykkarinspeksjonar på begge kaiene for å ha kontroll på tilstanden. 

- Vi har tett oppfølging på kaiene. Hovudfokuset vårt er å halde sambandet ope slik at trafikantane og næringstransporten kjem seg fram dit dei skal. Da må vi redusere belastninga på kaia på Rykkjem fram til ho er utbetra, seier prosjektleiar Hallvard Rangnes. 

Kontaktperson:

Hallvard Rangnes, prosjektleiar, tlf. 91 70 05 79