Rådgjevande folkerøysting om målform i Gjøra skolekrins

Valglogo - Klikk for stort bilde Sunndal kommunestyre har vedteke at det skal haldast rådgjevande folkerøysting om målform i Gjøra skolekrins.

Sunndal kommunestyre har vedteke at det skal haldast rådgjevande folkerøysting om målform i Gjøra skolekrins.

Røysterett har også foreldre/forsørgjarar til born på barnetrinnet ved skolen, og foreldre/forsørgjarar som har barn som er innskrivne der for å starte i første klasse, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap.

Liste over røysteføre er lagt ut ved Joker Sunndalsporten og servicekontoret i rådhuset frå 4. juli. 

Røysting vil skje ved:   

Sunndalsporten måndag 11. september 2017 - frå kl. 1000 – 2000

Førehandsrøysting: Ved servicekontoret i rådhuset frå torsdag 10. august til fredag 8. september. 

Åpningstider:

På kvardagar fra kl. 0900 – 1500 i august og kl 0900 – 1600 i september med unntak av fredag 8. september: kl 0900 – 1500.

Ta med legitimasjon når du skal avgje røyste.

Dersom du ønskjer å røyste per brev kan du ta kontakt med servicekontoret på telefon 71699000 for nærare informasjon og tilsending av røystemateriell.  Røyste pr brev må være oss i hende innan tirsdag 12. september kl 1700.

Ambulerande røysting:

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan førehandsrøyste ved servicekontoret i rådhuset, kan du be om å få røyste der du oppheld deg.  Førespurnad kan rettast til politisk sekretariat, telefon 71699000, innan 5. september.  Dersom du får høve til å røyste, kjem røystemottakarar heim til deg etter avtale og mottek førehandsrøysta.

 

Valstyret i Sunndal