Miljøretta helsevern tar prøvar ved dei mest besøkte badeplassane gjennom sommaren. Kvaliteten på badevatnet ved dei fleste plassane er i utgangspunktet bra. Gjennom sommaren har det vore periodar med mykje regn, som har medført for høgt innhald av bakteriar ved enkelte badeplassar i periodar. Etter å ha fraråda bading ved badeplassane i Ålvundfjorden i midten av august, viser oppfølgingsprøvar frå veke 34 at badevatnet igjen har god kvalitet.